«Små steg for kloden» - glimt frå barnehagedagen

«Små steg for kloden» - glimt frå barnehagedagen

Fargerike fotavtrykk var eit av påfunna då barnehagane markerte barnehagedagen 9. mars.

Bendik i Almejordet barnehage set fargerike fotavtrykk. Janne-Marit Myklebust       

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Tema for dagen var barnehagane sitt arbeid med natur og miljø under slagordet  «Små steg for kloden».

Små fotavtrykk - i Almejordet barnehage. Janne-Marit Myklebust

Ein ivrig gjeng i Almejordet barnehage la ned stor innsats for å markere dagen, mellom anna vart små føter fargelagde for avtrykk på ein symbolsk jordklode.

Utdanningsforbundet seier dette om årets barnehagedag: 

- Eit av måla med å markere barnehagedagen er å synleggjere barnehagen sitt innhald, for alle. I barnehagelova står det m.a. at barn skal lære å ta vare på seg sjølv, kvarandre og naturen. Dette er barnehagedagen med på å synleggjere.

- Berekraftig utvikling omfattar natur, økonomi og sosiale forhold, og er ein føresetnad for å ta vare på livet på jorda slik vi kjenner det. Barnehagen har difor ei viktig oppgåve i å fremje verdiar, haldningar og praksis for meir berekraftige samfunn, står det skrive i rammeplanen for barnehagane.

Det er Fagforbundet, FUB (Foreldreutvalet for barnehagar) og Utdanningsforbundet som står bak markeringa. 

 

Hans Kristian i Almejordet barnehage lagar nytt papir frå restane frå makuleringsmaskina. Janne-Marit Myklebust

I Almejordet barnehage fekk dei også prøve seg på papirproduksjon, og kreative kreasjonar vart laga av emballasje og anna materiale dei hadde tilgjengeleg.

Full konsentrasjon med papirlaging. Almejordet barnehage    

 

 

 

 

Sundgotmarka barnehage

Sundgotmarka barnehage har markert barnehagedagen 2021 på to avdelingar.

Tema for dagen var Små steg for kloden.

"I Sundgotmarka barnehage er vi opptatt av å ta vare på kvarandre og naturen vår – vi vil alle fortsette å vere gode miljøagentar. Avdeling Gjetarhaugen har den siste tida hatt fokus på kjeldesortering, gjenbruk, sunt kosthald og det å ta vare på seg sjølv. Vi velde difor å markere dagen med spa, kjeldesortering, kunstverk av gjenbruksmateriale og matlaging. På avdeling Gjerdsbakkane har vi tema «søppel og dyreliv», noko som passar godt til tema for barnehagedagen. Vi vil vere med og ta vare på jordkloden og det kan vi gjere ved å plukke søppel ute, sortere søppel på rett plass slik at vi kan bruke oppatt ressursar i staden for å kaste", skriv barnehagen.

Kjeldesortering og panting i Sundgotmarka barnehage. Sundgotmarka barnehage  

På barnehagedagen var avdeling Gjerdsbakkane ute på tur og plukka søppel i grøftene med dei gode arbeidshanskane dei har fått frå SSR. Turen gjekk til Straumane der deii kasta glas og metall på rett plass og panta flasker i panteautomaten.

- Vi laga også fotavtrykk som går i ring rundt ein jordklode for å vise at vi vil ta vare på den. På avdelingane har vi laga eigen miljøstasjon der vi øver oss på å sortere søppel. Og vi lærer om dyr som lever rundt oss – og kva vi kan gjere for at dei skal ha det bra.

 

 

 

 

 

 

Fokus på gjenbruk. Sundgotmarka barnehage    

Humoristisk sans: Emma og Elisa i Almejordet barnehage er kreative med gjenbruk. Janne-Marit Myklebust   Aisha i Almejordet barnehage har laga seg ekstrautstyr til brillene. Almejordet barnehage Fargerike fotavtrykk. Janne-Marit Myklebust Undring. Sundgotmarka barnehage