Sluttresultat parallelloppdrag

Basert på prosessen som har vore med parallelloppdraget har vurderingsgruppa utarbeida ein evalueringsrapport. 


Klikk for stort bilete 

  

Rapporten er sendt til politisk handsaming til alle utvala og skal endeleg vurderast i kommunestyret 26.11.2020. Rapporten gir tilrådingar for den vidare utviklinga i sentrum på kort og lang sikt, samt strategiar for gjennomføring.

Dei 9 tilrådingane er:

1. Bygg ein tettare by
2. Det som bidreg til byliv må leggast i byen
3. Byggje opp og vidareutvikle stadeigen identitet
4. Skap eit mangfald av møtestadar
5. Legg til rette for sambruk i sentrum
6. Parkering for framtida
7. Prioriter grøn mobilitet
8. Sikre og vidareutvikle blågrøne element i byen
9. Legg til rette for ulike bustadtypar - som fører menneskjer saman

Rapporten kan du lese her. (PDF, 11 MB)

Presentasjonen som blei vist på kommunestyremøtet 26. november 2020 kan du lese her.  (PDF, 12 MB)

Arkitektgruppene har levert kvar sin 3D-modell i lag med rapportane sine. Vurderingsgruppa har plukka det beste frå desse to og utarbeida ein ny modell. Ny 3D-modell finn du i CityPlanner.

Arkitektane sine rapportar, presentasjonar og 3D-modellar til sluttseminaret finn du her.