Slår av 100.000 kroner på tomteprisen

Slår av 100.000 kroner på tomteprisen

Tomtefelt i Haddal - Klikk for stort bileteTomtefelt i Haddal. Per Eide Kommunestyret vedtok i møte 4. februar å slå av 100.000 kroner på tomteprisen til dei to første som sikrar seg tomt i bustadfeltet Myrane i Haddal.

Dette for å få fart på bustadbygginga i Haddal.

Vilkåret er at tildeling og tomtesal, med tinglyst heimeloverføring, skjer i løpet av år 2021, og at bustadhus er ferdig oppført med bruksløyve i løpet av år 2022. Bustadhuset må vere til eige bruk.

I Haddal har du sjøen og fjella tett innpå deg. Her er både barneskule og barnehage. Frå Haddal er det knappe 10 minutt å køyre til Ulsteinvik. Til Volda, Ørsta, Fosnavåg eller Larsnes brukar du berre 20–25 minutt. 

Pris

Feltet Myrane er opparbeidd av kommunen og har ein tomtepris på 584 kr per m². Vi har også ei ledig tomt i det utbygde feltet Solsida i Haddal. Tomteprisen for denne er 200 kroner per m².

Kart

Kart over dei kommunale bustadtomtene i Haddal finn du her (Sunnmørskart.no).

Tomter som er merka med "L" på kartet er ledige. Tomter som er merka med "R" er handgjevne (reserverte). "S" betyr at tomta er seld. 

Tomtefeltet Myrane i Haddal. Sunnmørskart  

Dersom du er interessert i ei tomt som står som reservert, får den som har fått tomta handgjeven to vekers frist til å bestemme seg.

Søk om tomt

Du finn nødvendige søknadskjema og informasjon om retningslinjer her. 

Kontakt

Arnfinn Rørvik
ingeniør byggesak/bustadkonsulent
E-post
Telefon 70 01 76 08
Anita Øyehol
konsulent
E-post
Mobil 90 66 04 67