- Skal ende opp med ein tydeleg plan

- Skal ende opp med ein tydeleg plan

Robert Voldnes i Hoppid. Thomas Teige Sporsheim, Herøy kommune Hoppid arrangerer gratis nettkurs over tre veker med ti nettbaserte samlingar -  for alle som ønsker å vidareutvikle eigen forretningside.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Mellom samlingane arbeider du med å utvikle forretningsideen din og du får oppfølging frå ein hoppid.no-rådgivar.

- Nettkurset krev at deltakarane er motivert for å lære og vil jobbe med å vidareutvikle si verksemd. Programmet passar for den som har ein forretningsidé dei vil utvikle, eller den som har ei bedrift dei ønsker å vidareutvikle. Målet er at deltakarane skal ende opp med ein tydeleg plan for korleis dei kan jobbe vidare med si verksemd, seier ÅKP sin seniorrådgjevar og kompetansemeklar, Robert Voldnes. 

Programmet er gratis for deltakarar som er busette i Møre og Romsdal.

 

I løpet av programmet får du:

- Utvikle prosjektet ditt steg for steg basert på S-E-A-M
- Presentere prosjektet for rådgivarar og deltakarar
- Råd, innspel, motivasjon og inspirasjon frå dei andre deltakarane
- Eit nettverk som kan hjelpe deg å nå måla dine.

Klikk her for å sjå dato for samlingane og søk om å delta.

 

Skrive av Thomas Sporsheim - Herøy kommune