Skal du køyre Selvågtunnelen dei neste månadene? Les her!

Skal du køyre Selvågtunnelen dei neste månadene? Les her!

Selvågtunnelen på fylkesvegen mellom Haddal og Eiksund skal oppgraderast. Arbeidet startar 27. januar og er venta å vare heilt til 29. oktober.

Svein Arne Orvik

På dagtid vil tunnelen vere open for trafikk, men mellom klokka 20.00 og 06.00 på morgonen, vil tunnelen vere stengt.  Tunnelen er ikkje stengt natt til søndag og natt til måndag i partalsveker.  

Følg med på Statens vegvesen sine sider for oppdatert informasjon. 

Det vert kolonnekøyring på faste tidspunkt.

Dei er

  • klokka 20.30 – Eiksund–Haddal–Eiksund
  • klokka 21.00 – Eiksund–Haddal–Eiksund
  • klokka 21.30 – Eiksund–Haddal–Eiksund
  • klokka 23.00 – Eiksund–Haddal–Eiksund
  • klokka 00.30 – Eiksund–Haddal–Eiksund
  • klokka 04.45 – Haddal–Eiksund–Haddal

Du kan ikkje nytte Selvågvegen som gjennomkøyringsveg.

Helsehjelp - legevakt - føde

På kveld, natt og helg er legevakta for Ulstein plassert i Hovdebygda (Ørsta). Det gjeld i anleggsperioden akkurat som elles i året.

Om du har behov for å kome deg til legevakt, må du som vanleg ringe legevakta på 116 117 først. Legevakta vil vurdere kor mykje det hastar. Dersom legevakta vurderer det som naudsynt at du får køyre gjennom tunnelen utanom kolonnetidene, vil dei syte for det.

Så gjer som vanleg: Ring legevakta dersom du treng legehjelp. Ha registreringsnummer til bilen klart.

Tilsvarande gjeld for dei som skal føde på sjukehuset i Volda. Ta kontakt med føden og meld frå viss du har behov for å kome inn. Dei vil så vurdere om det er behov for å køyre utanom kolonnetidene.

 

x