Sentralbordet tilbake til Ulstein

Sentralbordet tilbake til Ulstein

Zari Demirova, Kerstin Krokstad og Anita Øyehol. Janne-Marit Myklebust Ringer du til Ulstein kommune, er det denne kjekke gjengen som svarar på telefonen.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Dei siste åra er det Vanylven kommune som i stor grad har teke imot telefonar frå innbyggjarar i Sjustjerna. No hentar Ulstein sentralbordet "heim". Frå 1. juni er det dei tilsette ved servicetorg og dokumentsenter innbyggjarane i Ulstein vil få svar med når dei ringer til kommunen.

Tilbakeføringa av sentralbordet er ein del av innsparingstiltaka i sentraladministrasjonen.

Vi oppmodar om at folk også nyttar seg av e-post når dei tek kontakt med kommunen:postmottak@ulstein.kommune.no.

Du vil elles også kunne finne mykje god informasjon på nettsidene våre.

Endringa for sentralbordet trer i kraft tysdag 01.06.2021 kl. 09:00.

Opningstida er 09:00 - 15:00, måndag til fredag. 

HER finn du oversikt over tilsette i kommunen.