SeniorTimen: Klikk deg klok på nettstaden vår

SeniorTimen: Klikk deg klok på nettstaden vår

Er du nysgjerrig på korleis du kan bruke kommunen si nettside til å finne informasjon og løyse oppgåver i kvardagen? Då er du hjarteleg velkomen til SeniorTimen torsdag 16. oktober.

Adobe Stock

SeniorSmart i Ulstein

Ulstein kommune inviterer alle seniorar til å bli med på SeniorSmart. 

Torsdag 16. oktober kl 11.30 på biblioteket er første samlinga denne hausten, og vi startar med programmet SeniorTimen - ein time med relevant informasjon om ulike tema. 

Tema - torsdag

Torsdagens SeniorTime er “Klikk deg klok på nettstaden vår”. Dette temaet er heilt nytt, og er blitt til etter innspel frå programma vi hadde våren 2025.  

I denne samlinga får du ei enkel og praktisk innføring i korleis du kan navigere på kommunen si nettside. Den inneheld mykje relevant informasjon - informasjon du kanskje ikkje visste noko om! Vi viser deg korleis du finn kontaktinformasjon, søknadsskjema, opningstider, og korleis du kan bruke digitale tenester som å bestille time, melde inn feil eller finne informasjon om helsetilbod, kultur og fritid m.m. 

Du treng ikkje ha med eigen PC, nettbrett eller mobil til denne samlinga. Kurshaldar vil navigere dokker gjennom nettsidene på storskjerm, komme med nyttig informasjon, tips og triks. Det vert også god tid til spørsmål. 

 

SeniorTimen - tid og stad

SeniorTimen er eit sosialt og lærerikt tilbod for deg som er senior, og som ønskjer meir kunnskap for ein god kvardag. 

Bli med og oppdag nye måtar å lære og leve betre på! Vi møtast på Ulstein bibliotek, torsdagar kl. 11.30-13.00. Kom gjerne 15 minutt før for litt kaffi og god prat før vi startar.

Vi gler oss til å sjå deg!
 

Velkomen til ein triveleg og nyttig SeniorTime!