SeniorGaming: Spel og samspel på tvers av generasjonar

SeniorGaming: Spel og samspel på tvers av generasjonar

SeniorGaming er eit nytt og spennande tilbod for deg som er senior og har lyst til å utforske den digitale speleverda saman med ungdommar frå nærområdet. 

Bilde av to personar med spelekontorollar i hendene - Klikk for stort bilete KI

Her får du høve til å lære, leike og knyte kontakt på tvers av generasjonar – i eit inkluderande og sosialt miljø.

Gjennom spel og aktivitetar byggjer vi bru mellom unge og eldre, og skapar rom for felles opplevingar, latter og læring. Du treng ikkje vere erfaren med dataspel – det viktigaste er at du er nysgjerrig og har lyst til å vere med!

 

Oppstart: Torsdag 16. oktober
Tid: Klokka 13.00–14.00
Stad: Ulstein Arena – Gamingrommet

SeniorGaming handlar om:

  • Samspel og fellesskap
  • Læring og meistring
  • Gode samtalar og nye vennskap

 

Velkomen til eit tilbod der generasjonar møtest – med kontrollar i handa og smil om munnen!