Ros til brøytemannskap og innbyggjarar

Ros til brøytemannskap og innbyggjarar

Brøyting - Klikk for stort bileteBrøyting, februar 2021. Even Soleng   Tilbakemeldingane til brøytemannskapet i kommunen har vore svært gode. 

Blant mange kjekke tilbakemeldingar er mellom anna denne: "Beste brøytingen EVER! Meget flink kar".

Det er fleire år sidan sist det har kome så mykje snø i Ulstein, og med kalde grader vert også snøen liggande uvanleg lenge. Det er ein stor jobb for brøytemannskapet å halde vegane opne.

I Ulstein er det åtte roder på til saman rundt ni mil som skal brøytast, og når snøen fell i like store mengder over heile kommunen, på same tid, tek det også tid å få brøytt skikkeleg alle stader. På to av rodene er det også ny entreprenør i sving.

- Inntrykket mitt er at det er veldig godt brøyta i Ulstein, med tanke på all snøen som har kome, seier avd. leiar drift og anlegg i Ulstein kommune, Odd Kåre Wiik.

- Tilbakemeldingane har vore svært gode, men snøen fell samstundes alle stader, og det kan ta opptil ti timar å få ei rode skikkeleg brøyta, så det vil sjølvsagt alltid vere noko å sette fingeren på. 

Brøyting, februar 2021. Even Soleng  

Parkering

Og når rosen kjem til kommunen, vil kommunen gjerne dele ut litt ros tilbake.

- Folk er flinke til å ikkje parkere i vegen. Det set vi stor pris på. Nokre gjer det, men då sender brøytemannskapet gjerne ein sms, og bilen vert flytta. Både på vegar og snuplassar opplever vi at folk er flinke til å halde vegen fri slik at brøytemannskapet får gjere jobben sin. Vi håper dette held fram, for brøytinga er ikkje over enno. Vi må be om at folk ikkje lempar snøen ut i vegen for at brøytebilane skal ta det.

I sentrum er oppmodinga at parkeringsplassane under bakkenivå vert nytta. Til dømes ved Ulstein Arena og  i Bjørndalvegen Park. 

Framover vert det også jobba med å høvle vegane slik at der er minst mogleg is. Generelt må alle akseptere at vintervegar er noko smalare enn elles i året pga. brøytekantar og snøopplag.

Snødepot

Mykje snø og høge brøytekantar har gjort behovet for eit snødepot stort. Noko snø i sentrum må køyrast vekk for å frigjere plass til ny snø, sikre sikt for alle trafikantar, og frigjere noko parkering . På den kommunale parkeringsplassen ved Kongsberg Maritime er det lagt opp eit snødepot som av tryggleiksgrunnar vert sperra med anleggsgjerde og skilta med adgang forbode.   

- Det er ikkje slik lenger at vi tippar snøen ut i sjøen, og då må vi finne eigna område på land.

Kontakt

Even Soleng
arbeidsleiar sentralanlegg/vassverket
E-post
Mobil 91 52 35 14