Restriksjonar for besøk på rådhuset

Restriksjonar for besøk på rådhuset

Ulstein rådhus i Sjøgata 63 i Ulsteinvik. Svein Arne Orvik Grunna nye nasjonale tiltak mot korona vert rådhuset i stor grad stengt for besøkande.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Dei fleste på rådhuset har heimekontor fram til 14. april, grunna nye nasjonale retningslinjer mot korona. 

Les meir om dei nasjonale tiltaka her.  

Her er likevel folk til å ta imot eventuelle leveringar og post, men i all hovudsak oppmodar vi om at publikum tek kontakt via telefon eller e-post, om det er noko de lurer på.

Ring 70 01 75 00 eller send e-post til postmottak@ulstein.kommune.no

Du kan også søke etter tilsette.

  • Det er ikkje høve til å besøke rådhuset utan å ha gjort avtale på førehand. 
  • Skal du levere noko er det berre å ringe på – om det ikkje får plass i postkassa i gangen.
  • Dersom du allereie har ein avtale, vent til du vert henta i gangen før du kjem inn. Vi minner om å halde god avstand (to meter), og oppmodar om bruk av munnbind.