Erlend Friestad
Ulstein formannskap har i møte 10.06.2025 vedteke å legge temaplanen Plan for friluftslivets ferdselsårer ut på høyring. Denne planen er felles for Hareid og Ulstein kommunar, og vil ligge ute til høyring i begge kommunane fram til 30. september 2025.
Planforslaget er utarbeidd i Microsoft Sway:
Plan for friluftslivets ferdselsårer
Friluftsliv er viktig for innbyggarane i Hareid og Ulstein kommunar med omsyn til helse, trivsel og identitet. For å sikre alle innbyggarane dei beste moglegheitene til å drive friluftsliv, trengst ei planmessig utvikling av friluftslivets viktigaste anlegg. Gjennom ein plan for dette vil friluftslivet også utviklast slik at det i størst mogleg grad bidreg til berekraft
Det overordna målet med prosjektet er å få fleire ut på tur. For å oppnå dette krev det tilgang til gode og attraktive ferdselsårer for friluftslivet, og gjerne der folk bur. Det er difor viktig at kommunen ivaretek, vidareutviklar og gjer turvegane betre kjent og tilgjengeleggjort.
I planforslaget er det kartlagt turstiar i Hareid og Ulstein, kvardagsturen eller nærturen, nærturar for skular, barnehagar og eldresenter, universell utforming, padling og sykling. Under kapittelet om inngrep i naturen vert det sett på naturvenleg tilrettelegging, klopping, bruer og steinlegging, grusa turvegar, skilting og merking av stiar, allemannsretten og sporlaus ferdsel og inngrepsfri natur.
Det er utarbeidd ein tiltaksplan som består både av føringar som ligg i prosjektet frå Miljødirektoratet, tiltak som har kome som resultat av kartlegging, analyser prosjektgruppa har utført og nokre utvalde tiltak som er direkte innspel frå innbyggarane.
Eventuelle innspel til planen kan du sende til postmottak@ulstein.kommune.no
Høyringsfristen er 30. september 2025.