Pass deg på glatta!

Pass deg på glatta!

Vi strør så godt vi kan, men må prioritere kvar vi gjer det. 

Joggesko på glattisen. - Klikk for stort bileteDet er glatt ute, så det kan vere lurt å vurdere anna skotøy enn glatte joggesko. Janne-Marit Myklebust

Dette prioriterer vi å strø

  • nokre bratte bakkar og stoppsoner i enkelte vegkryss
  • stader der mange ferdast
  • fortau, gangvegar og andre gangsoner

Kontaktinformasjon

Vi har inga vaktordning for strøing utanom ordinær arbeidstid, men ved spesielle behov kan du ringe teknisk vakt på telefon 47 60 10 00. 

På kvardagar frå klokka 10.00 til 14.00 kan du ringe sentralbordet på telefon 70 01 75 00 viss du har spørsmål om strøinga. 

Fylkesvegar

Fylkesvegane tek Statens vegvesen seg av. 

  • Fv. 5882: Sentrum-Flø
  • Fv. 61: Dragsundbrua-Hareid, Strandabøen-Sentrum
  • Fv. 653: Garneskrysset-Furene
  • Fv. 5884: Hasundkrysset-Dimnøya rundt

Oppmoding

Sjølv om vi strør, er det naturlegvis glatt mange stadar om vinteren. Derfor oppmodar vi alle om å sko seg godt – gjerne med broddar – og ha gode dekk på bilen. 

Manglar midlar

Vi minner elles om vedtaket som vart gjort i teknisk utval 9. mars i år:
Teknisk utval held fast på noverande rutinar for strøing av vegar, fortau, kryssområde og plassar (…). Skal kommunen endre rutinar for strøing, må det tilførast vesentlege midlar på vedlikehaldsbudsjettet for veg. Dette vil vere naturleg å vurdere i økonomiplan- og budsjettprosessen før nye brøyteavtalar med dei private skal gjerast i 2026.