Parkering for turgåarar i Varleite

Parkering for turgåarar i Varleite

Etter avtale med SUFH kan vi no oppmode turgåarar om å nytte parkeringsplassen ved sidan av Aktivsenteret. Parker her og kom deg ut på ski eller til fots i dei flotte nærturområda våre.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

No når det meste er stengt ned grunna pandemien er der rikeleg med parkeringsplass. 

Om ein nyttar dette tilbodet vil det openbart betre tilhøva for alle i vegendar og ved sperrebom. Takk til SUFH for  tilbod og velvilje.

 

Vi gjer merksam på at dette er ei mellombels løysing inntil aktiviteten ved Aktivsenteret tek seg opp att. Teknisk etat vil sette opp skilting til P-plassen i perioden tilbodet frå SUFH gjeld.