På utkik etter ny jobb?

På utkik etter ny jobb?

Om du vil jobbe innan barnehage, skule, helse og omsorg eller eigedomsforvaltning, så bør du sjekke ut dei ledige stillingane vi har i Ulstein kommune.

Oversikt over alle stillingane finn du her:

Ledige stillingar 

Driftsleiar

Som driftsleiar får du ansvaret for å leie og vidareutvikle avdelinga sitt arbeid med drift og vedlikehald. Du vil ha personalansvar for drifts- og vedlikehaldspersonell, og sørgje for planmessig vedlikehald, effektiv ressursbruk og gode tenester.

Eigedomsavdelinga har ansvar for nær 100 000 m² kommunale bygg, 160 eigedomar og ca. 300 utleigeavtalar.

Les meir og søk her

Driftsteknikar

Vi ser etter deg som har brei praktisk erfaring frå drift og vedlikehald – gjerne innan elektro, mekanisk industri eller tømrarfag. I tillegg er digital kompetanse viktig, sidan dokumentasjon og forvaltning av bygg i stadig større grad skjer gjennom digitale system. Som driftsteknikar vil du få varierte arbeidsoppgåver, og vere ein viktig del av laget som sikrar at kommunen sine bygg fungerer godt for brukarar, tilsette og innbyggarar.

Les meir og søk her

Sjukepleiar

Vi har ledig 100 prosents fast stilling for sjukepleiar. Stillinga er delt med 68 prosents stilling i heimebasert omsorg i omsorgsbustadane på Alvehaugen (HI- fløya),  og 32 prosent i ressursbanken.

HI-fløya er eit bufelleskap med 21 omsorgsbustadar som er døgnbemanna og har nært samarbeid med sjukeheimen. Avdelinga har fem sjukepleiarar og 20 helsefagarbeidarar og assistentar. 

Les meir og søk her

Barnehagelærar

Ulstein kommune har tre kommunale barnehager. Høddvoll barnehage, Sundgotmarka barnehage og Almejordet barnehage. Her kan du lese meir om barnehagane. For barnehageåret 2025/2026 har vi ledige vikariat som pedagogisk leiar og barnehagelærarar. Vi er på jakt etter topp motiverte, engasjerte og kvalitetsbevisste barnehagelærarar som kan legge til rette
for vennskap og gode, trygge dagar for barna.

Les meir og søk her

Tilkallingsvikarar

Vi treng også tilkallingsvikarar til barnehage, omsorg, barne- og ungdomsskule.

Du finn alle annonsane samla her: Ledige stillingar