Oppmodar Forsvaret om å bruke norske verft

Oppmodar Forsvaret om å bruke norske verft

Ordførar Stian Skorgen Scheide har fått tre minutt taletid i samband med Stortinget si høyring i Forsvarsløftet – for Norges trygghet. Langtidsplan for forsvarssektoren 2025–2036.

Sendinga kan du sjå direkte torsdag 18. april klokka 14.20 her: Nett-TV Stortinget.

Ulstein kommune og Sande kommune har saman sendt høyringssvar til Prop. 87 S (2023–2024). Proposisjonen inneheld regjeringa sitt forslag til heilskapleg vidareutvikling av forsvarsevna og forsvarssektoren i Noreg. I proposisjonen foreslår regjeringa ei betydeleg styrking av Forsvaret gjennom eit forsvarsløft.

Arbeidsplassar, kunnskap og teknologi

Ulstein og Sande kommunar fremmar kor viktig dei meiner det er å støtte den norske maritime industrien.

– Verfta og utstyrsbedriftene i vår region er kritisk viktige for nasjonal beredskap. Dei sit på kompetansen og teknologien som kan bidra til å løfte viktige forsvarsmessige prosjekt. Ved å legge til rette for at desse prosjekta vert realiserte lokalt, sikrar vi ikkje berre arbeidsplassar, men også overføring av kunnskap og teknologi, skriv dei i høyringssvaret.

Du kan lese heile høyringssvaret her (PDF, 126 kB)

 

Ordførar ved bryggekanten. Verftskraner i bakgrunnen. - Klikk for stort bileteOrdførar Stian Skorgen Scheide. Janne-Marit Myklebust