Ope møte om ny kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet 2026-2029

Ope møte om ny kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet 2026-2029

Ulstein kommune er i gang med ny plan for idrett og fysisk aktivitet. Vi ønsker dine innspel, og inviterer til ope møte 29. januar.

Informasjon

Ulstein kommune er i gang med å utarbeide ny kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet for perioden 2026–2029. I samband med dette inviterer vi til eit ope møte der vi gir informasjon om planprosessen, presenterer status for arbeidet så langt, og legg til rette for dialog og innspel frå frivillige lag, organisasjonar og andre som ønsker å bidra.


Arbeidsdokument

Her kan du lese gjeldande kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet (2015-2018)

 

Planarbeidet

Innspela som kjem fram på møtet, vil vere viktige for det vidare planarbeidet. Vi håpar difor at mange tek turen og deler sine erfaringar, behov og idéar for framtidas tilrettelegging for aktivitet i Ulstein.

 

Tid og stad

Tid: Torsdag 29. januar kl. 18.00
Stad: Ulstein bibliotek, Vikemyra 2, 6065 Ulsteinvik

 

Vel møtt!

Kontakt

Kristine Brungot
kinosjef/kulturkonsulent
E-post
Telefon 70 01 77 17
Mobil 48 25 90 87