– Om vi skal verte entreprenørar? Ja, det skal du ikkje sjå vekk ifrå!

– Om vi skal verte entreprenørar? Ja, det skal du ikkje sjå vekk ifrå!

Inspirerande dagar for sjaundeklassingane i Ulstein.

Fire jenter som viser fram smartløysinga si for leidningar - surra rundt dorullar. - Klikk for stort bileteTok tak i kvardagsproblem med løysing for leidningfloken i heimen. Frå venstre: Sofia Krusian, Anna Seljeset Sandvik, Ada Sofie Nybø og Sara Kirkengen Hovlid frå Ulsteinvik barneskule. Janne-Marit Myklebust
Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

– Det har vore veldig gøy og interessant! Og særleg kjekt har det vore å samarbeide, fortel fire strålande sjuandeklassingar frå Ulsteinvik barneskule. 

Sofia Krusian, Anna Seljeset Sandvik, Ada Sofie Nybø og Sara Kirkengen Hovlid har teke tak i eit kvardagsproblem dei aller fleste nok vil kjenne seg att i, krøll og rot med ladeleidningane i heimen.

Løysinga er enkel: Dei nytta tome dorullar og tørkerullar for å få orden på kaoset.

Så enkelt kan det altså vere å verte unge entreprenørar.

Smart Ulstein

Løysinga varmar eit vakse hjarte som bankar for entreprenørskap. Rådgivar Jan Gunnar Åkre frå Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal fortel at denne typen løysingar er dei han kanskje set mest pris på.

– Det er desse små tinga som folk ikkje tenker over, men som lettar kvardagen, med heilt enkle konstruksjonar. Då vert eg imponert. 

Portrett mange folk i bakgrunnen - Klikk for stort bileteRådgivar i Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal, Jan Gunnar Åkre. Janne-Marit Myklebust

Sjuandeklassingar frå Ulsteinvik barneskule, Hasund skule og Haddal skule* har fått bryne seg i ungt entreprenørskap denne veka, og presenterte resultata sine for kommune og næringsliv på Skaparhuset.

Programmet skulane jobbar med har fått namnet Smart Ulstein. 

– Vi skal vere ein brubyggar mellom skule og næringsliv, frå barneskule, via ungdomsskule og vidaregåande skule. Vi vil så det vesle frøet. Vi vil at dei unge skal stole på eigne idear, samarbeide for å nå måla sine og skape verdiar for andre i framtida. Og vi vil at dei skal skape desse verdiane her. Vi vil at dei skal halde fram med å bu i Møre og Romsdal. Difor er dette så viktig, seier Åkre.

– Vi ser at elevane har flinke lærarar her i Ulstein. Det er lett å få til ting, og det er lett å skape engasjement, rosar han. 

Og dei fire hovuda bak leidningløysinga, er i alle fall inspirert.

– Om vi har lyst til å verte entreprenørar? Det kan godt hende! Vi har i alle fall litt meir lyst til å verte det no!

 

Og her kan du sjå litt meir av det kloke hovud har kokt saman siste dagane: 

Tre koppar limt saman framfor dei fire unge entreprenørane som har laga den. - Klikk for stort bileteLukas Mork, Julian Løken, Daniel Saunes Mork og Marko Tosic er hjernene bak trippelkoppen. Janne-Marit Myklebust Ordføraren står saman med to unge entreprenørar som viser fram prototypen av roboten sin. - Klikk for stort bileteOrdførar Knut Erik Engh let seg imponere av denne roboten som skal hjelpe eldre både med å huske medisinar, ta husvasken og mykje anna smart. Ideen er det Lina Ringstad Aasmo og Rikke Sætre Ertesvåg - saman med Thea Sundnes Rise og Mali Heggevik Øvrebøe frå Hasund skule som står bak. Janne-Marit Myklebust To unge entreprenørar saman med prototypen av robotvekkarklokka si. - Klikk for stort bileteSilas Garnes Rohlff og Iver Myrene Vågsæter frå Haddal skule har laga denne avanserte robotvekkarklokke som har solcellepanel, hjul, og som sprutar vatn viss slumreknappen freistar for mykje. Og sjølvsagt med stikkontakt for lading av telefonar. Tobias Ringstad Dimmen er også med på gruppa. Alle tre frå Haddal skule. Janne-Marit Myklebust Tyggisklyserobot. - Klikk for stort bileteEr du ein av dei som spyttar tyggis på gata? Då finst det to løysingar. Anten sluttar du med det, eller så kan han her rydde etter deg. Janne-Marit Myklebust Prototyp av akebrett med motor. - Klikk for stort bileteProblem med bratte bakkar? Test dette akebrettet med jetmotor, og du skal sjå at du når toppen på null komma niks. Janne-Marit Myklebust Svart sykkel. - Klikk for stort bileteSvart lyn! Eller Blach lightening - som er arbeidstittelen her. Sykkel med vindturbininspirerte generatorar. Mellom anna. Janne-Marit Myklebust Mange elevar og mykje folk på Skaparhuset. - Klikk for stort bileteLiv og røre på Skaparhuset. Janne-Marit Myklebust

 

* Ulstein skule var med i fjor, og skal også vere med neste år