Nytt interkommunalt tilbod – Sorggrupper for barn

Nytt interkommunalt tilbod – Sorggrupper for barn

Over påske startar vi opp tilbod om sorggrupper for barn. Tilbodet er eit samarbeid i dei sju kommunane på søre Sunnmøre.

Sorg er ein langvarig prosess, men mange opplever det nyttig å treffe andre barn i same situasjon. Dei kjenner seg mindre aleine og dei forstår lettare sine eigne reaksjonar og opplevingar. Helseføretaket har avslutta sitt tilbod om sorggrupper for barn og har gitt ansvaret til kommunane. Hareid, Sande, Herøy og Ulstein har derfor samarbeidar om å lage til eit tilbod til alle kommunane i sjustjerna (Søre Sunnmøre).

Sorggruppa er eit tilbod til barn 1.–7.trinn som har mista søsken eller ein forelder. Barn frå Sande, Herøy, Hareid, Ulstein, Ørsta, Volda og Vanylven kommune får tilbod.

Sjå brosjyre (PDF, 141 kB)

Praktiske opplysningar

  • Det er fem samlingar som varer 1,5 time. 
  • Tilbodet er gratis og livssynsnøytralt.
  • Gruppa vert leia av to helsesjukepleiarar.
  • Tid: Oppstart etter påske
  • Stad: Ulstein helsestasjon, Reiten

Påmelding/spørsmål: 
Helsesjukepleiar Mari Haugen Lunde, Ulstein kommune
E-post: mari.haugen.lunde@ulstein.kommune.no
Telefon: 48 22 73 42