Nye koronamidlar til Ulstein

Nye koronamidlar til Ulstein

Saunes og Ulsteinvik - Klikk for stort bileteSaunes og Ulsteinvik Per Eide Ulstein kommune har fått 981.000 kroner i tilskot. No kan lokale verksemder søke om kompensasjon.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har gitt tilskot til kommunar som har arbeidsløyse over landsgjennomsnitt og som har vore omfatta av forsterka smitteverntiltak i 2021.

Tidlegare har Ulstein fått 788.560 kroner – og no har kommunen fått nye 981.000 kroner.

Til no har vi tildelt 950.000 kroner til lokale verksemder gjennom kompensasjonsordninga. Vi held framleis på å handsame dei siste søknadene som kom inn i førre runde, men det er no opna for at nye kan søke.

Meir informasjon om ordninga finn du ved å gå inn på http://www.regionalforvaltning.no

Det er ikkje høve til å søke på nytt for dei som allerie har fått tildelt midlar.

Førebels har desse fått midlar:

CHINA HOUSE HAO QIN PENG

20 000

ULSTEIN VERFT AS

200 000

HOTEL ULSTEIN AS

200 000

MALUNS AS

25 000

verona ulsteinvik as

10 000

G TRAVEL ULSTEINVIK AS

50 000

CAFE NOVA AS

29 000

FOLK SPISERI AS

25 000

Napoli-Pizzeria AS

40 000

SNORREBUDA MAT OG VINHUS AS

45 000

GREEN YARD KLEVEN AS

200 000

KAFFEBAREN ULSTEINVIK AS

36 000

BRYGGA SPORTSBAR AS

70 000