No opnar Kyrkjegata

No opnar Kyrkjegata

Kyrkjegata vert asfaltert og opnar att fredag 13. mai. Odd Kåre Wiik Kyrkjegata opnar for vanleg ferdsel att, etter ei lang og naudsynt anleggsperiode.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Ei lang og naudsynt anleggsperiode for legging av nye VA-røyr i gata er no ferdig. Torsdag vart Kyrkjegata asfaltert, og fredag opnar gata for vanleg ferdsel att.

Ulstein kommune takkar alle medverkande for vel utført arbeid. Særleg takk til oppsitjarar og dei som driv forretning/har kontor i gata for tolmod. Samtidig som gata opnar att, opnar sjølvsagt også parkeringa i Ulstein Arena.