No kan du søke barnehageplass

No kan du søke barnehageplass

Synstolkning: Små barnehender som målar eit bilde. I forgrunnen ligg eit målepalett med mange fargar på. - Klikk for stort bileteIllustrasjon. pixabay.com

Har du barn og ønsker at barnet ditt skal få plass i barnehage frå hausten 2023? Hugs å søke innan 1. mars.

Det er felles søknadsfrist og opptak ved alle barnehagane i Ulstein.

I Ulstein kommune har vi to kommunale og seks privat barnehagar.

Her finn du søknadsskjema

Barn som er fødde til og med november 2022 har rett til barnehageplass frå den månaden dei fyller eitt år, i hovudopptaket.

For barn med plass i barnehage kan det søkast om:

  • endring av type plass
  • overflytting til annan barnehage

Kontakt

Ann-Christin Bonde Helliksen
barnehagekonsulent
E-post
Telefon 70 01 77 07