Mogleg brot på personvernet

Mogleg brot på personvernet

Onsdag 9. juni oppstod det eit mogleg brot på personvernet for enkelte tilsette i kommunane på Søre Sunnmøre.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Dette førte til at tilsette som logga på web-e-post nokolunde samstundes (innanfor 10 minutt) kunne oppleve at dei fekk opp e-posten til ein annan brukar.

Brotet gjeld berre interne brukarar med brukarkonto og e-postadresse hos SSIKT.

Informasjonen har ikkje vore tilgjengeleg for eksterne, og alle tilsette har teieplikt.

Brukarnamn og passord for tilsette er ikkje på avvegar.

- Vi vel likevel å informere innbyggjarane om dette, då vi tek personvern på stort alvor. E-postar skal ikkje innehalde sensitiv informasjon, men vi får sjølvsagt førespurnader på e-post som ikkje er meint for andre enn mottakar. Vi forsikrar om at vi tek dette på alvor og følgjer opp saka, seier kommunedirektør Verner Larsen i Ulstein.

Saka er meldt til Datatilsynet.

Det er til saman 195 tilsette i dei sju kommunane som er råka av brotet, og dei det gjeld har vorte varsla om dette. Å vere råka av brotet vil ikkje seie at andre tilsette har fått tilgang på e-posten til andre, men at det er ein risiko for at det kan ha skjedd med enkelte av dei 195.