Med eller utan d?

Med eller utan d?

Vedøya eller Veøya? Garnes eller Gardnes, Garshol eller Gardshol? Statens kartverk vil gjerne høyre kva du meiner!

Vedøya sett frå Garneskrysset.  - Klikk for stort bileteVeøya eller Vedøya? Janne-Marit Myklebust
Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

I samband med namnsetting av småbåthamner i Ulstein kommune har Språkrådet tatt opp namnesak for skrivemåten Garnes eller Gardnes for gardsnummer 20 og neset der garden ligg. No sender Statens kartverk namnesaka ut på lokal høyring.

Kartutsnitt over Gardnes - Klikk for stort bileteGarnes, Gardnes og Veøya. Statens kartverk

På elektronisk Noregskart er skrivemåten for garden og bruka Garnes, mens neset har skrivemåten Gardnes. Litt lenger nord ligg gardsnummer 22 Gar(d)shol. Gardsnamnet har skrivemåten Gardshol på Noregskartet, mens alle avleidde namn vert skrivne Garshol. Dette namnet vert også tatt inn i saka.

Kartverket tar også med namnet på øya Vedøya eller Veøya i same område.

Kommunen har vedtatt adressenamna Garnesvegen, Garsholråsa, Garsholhaugen og Garsholvegen. Kommunen er også vedtaksmynde for Garneskrysset og grendenamnet Garnesgrenda. Du kan søke opp namna i www.norgeskart.no/ssr/

Lokal høyring

Kartverket har vedtaksrett for skrivemåten av mellom anna naturnamn og nedervde gards- og bruksnamn. Før dei gjer vedtak har kommunen rett til å uttale seg. Eigarar og festarar har rett til å uttale seg om gardsnamn og bruksnamn, og lokale organisasjonar har rett til å uttale seg om skrivemåten av namn som dei har særleg tilknyting til. Kartverket ber om at dei som uttalar seg, opplyser kva som er den lokale dialektuttalen.

Ulstein kommune skal no samle inn høyringssvar og sende desse til Språkrådet. Språkrådet vil så gi ei endeleg tilråding til Kartverket. Heile brevet til Ulstein kommune frå Statens kartverk kan du lese her. (PDF, 717 kB)

Du kan sende innspela dine til postmottak@ulstein.kommune.no eller til Ulstein kommune ved Peder Almestad, postboks 143, 6067 Ulsteinvik. Vi må ha svara innan 1. juni.