Måndag 23. november er MOT til å glede-dagen

Måndag 23. november er MOT til å glede-dagen

Bli med å markere MOT til å glede-dagen måndag 23. november! Unge MOTivatorar i 10. klasse ved Ulstein ungdomsskule er klare for å vere med og lage ein ekstra fin dag for dei rundt seg. Marie Flatin Kvart år blir MOT til å glede-dagen arrangert over hele landet. 
Dagen blir markert med ein enkel bodskap: Sprei glede!

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

MOT til glede-dagen handlar om å ha MOT til å leve og MOT til å bry seg, og vi oppmodar ungdom og vaksne over heile landet til å bidra til at dagen blir hugsa som årets varmaste dag. I desse tider er dette nok viktigare enn nokon sinne, der mange saknar den gode og trygge klemmen. Vi må erstatte den med hjartevarme.
Ulstein ungdomsskule er ein MOT-skule og Ulstein er ein MOT-kommune, og vi markerer sjølvsagt MOT til å glede-dagen.
- Dagen i dag handlar om å glede andre med enkle midlar. Til dømes vere ekstra merksam på å seie hei og smile til dei du møter, slå av ein prat med naboen, eller ta ein telefon til ein venn eller nokon i familien du ikkje har snakka med på ei stund. Vi vil utfordre alle til å glede nokon litt ekstra på MOT til å glede-dagen måndag 23.november, seier MOT-koordinator Marie Flatin i Ulstein kommune. 


Ved Ulstein ungdomsskule blir dagen tradisjonen tru markert med at det lokale MOT-laget skaper ein ekstra fin morgon for elevar og tilsette når dei kjem til skulen. Klassene skal gjennomføre quiz, og det blir kåring av beste klasse som blir gleda ekstra med ein premie. 
- Til trass for at det er krevjande tider, er det framleis mogleg å spreie glede – på avstand. Vi har alle eit ansvar for å skape eit trygt samfunn. Om alle i vårt lokalsamfunn er med å spreie litt glede – så trur vi at vi greier å skape eit varmare lokalsamfunn for alle, avsluttar Flatin.