Lær å starte og drive bedrift

Lær å starte og drive bedrift

Møt hoppid.no, Brønnøysundregistera og Altinn på ope informasjonsmøte i Hareid 19. mars.

Tenker du på å starte di eiga bedrift, eller er du alt i gang? Då er det viktig å vite kva reglar som gjeld.

På informasjonsmøtet i Hareid vil du få informasjon frå hoppid.no, Brønnøysundregistera og Altinn om tema som det er viktig å tenke på før og under oppstarten – og når du er i drift.

Du vil også få presentert digitale verktøy som er viktige for etablerarar og nye næringsdrivande.

Tid og stad

Stad: Hareid folkebibliotek

Tid: 19. mars klokka 09.00–11.00

Meld deg på ved å sende e-post til robert.voldnes@aakp.no

Program

  • Lokal gründerhjelp – ved hoppid.no, SIVA-nettverket
  • Kva må du tenke på før og under oppstarten? – ved Brønnøysundregistera
    • Kva opplever brukarane at det er vanskeleg å forstå? 
    • Kvifor er det viktig å planlegge godt?
    • Verktøykassa for å starte og drive bedrift i Altinn, med guidar og rettleiarar
  • Val av organisasjonsform – ved Brønnøysundregistera 
    • Litt om dei vanlegaste organisasjonsformene og korleis du registrerer
  • Praktisk bruk av Altinn – ved Digitaliseringsdirektoratet
  • Kva er det viktig å gjere når du skal drive bedrift – ved Brønnøysundregistera
    • «Starte og drive bedrift» som digital verktøykasse i Altinn – med tilpassa rettleiing og informasjon om å drive aksjeselskap og enkeltpersonføretak
    • Rapporteringsplikter 
    • Skatt og avgift 
    • Bokføring og rekneskap 
    • Andre relevante tema
    • Eventuelle andre tema som dei frammøtte vil ta opp

 

Vel møtt!