Kurs for pårørande til personar med demens

Kurs for pårørande til personar med demens

Pårørandeskulen startar 22. september og er eit kurstilbod til deg som har eit familiemedlem eller ein nær ven med demenssjukdom.

Ei eldre kvinne held i handa til ein yngre person. Kvinna har grå klede og bildet viser i hovudsak eit utsnitt av hendene. - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto. Pixabay  

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Personen med demens kan bu heime eller på institusjon. Gjennom faglege forelesingar, plenums- og gruppesamtalar, får du kunnskap om demens og innsikt i kva følger sjukdommen kan ha for personen med demens, deg som pårørande og anna familie. Du treff andre pårørande i same situasjon og fagpersonar med kompetanse på området.

Praktiske opplysningar

Kurset finn stad over fire samlingar i Holsekerdalen 20, møterom i andre etasje.

Første kurssamling er torsdag 22. september klokka 18.00-21.00.

Last ned brosjyre her (DOC, 2 MB)

Ta kontakt for å melde deg på. Frist 15. september.

 

Annonse frå Vikebladet Vestposten: