Kommunen har fått befolkningsvarslingsanlegg

Kommunen har fått befolkningsvarslingsanlegg

Sivilforsvaret har etablert befolkningsvarslingsanlegg, også kalla tyfonanlegg, i kommunen. Onsdag 14. januar kl. 12 vert varslingsanlegget kontrolltesta, og du kjem då til å høyre sirena.

Befolkningsvarslingsanlegg / tyfonanlegg

Ulstein har ikkje hatt slikt varslingsanlegg sidan 1980-talet. Siste åra har innbyggarane berre fått varsel på mobil i tillegg til at det vanlegvis vert omtalt i media. No kan du altså både få varsel på telefonen og høyre sirena dersom det skjer ei alvorleg hending.

Varslingsanlegga kan bli brukt både i fred og krig når det er akutt fare. I fredstid kan det vere aktuelt ved store ulykker, til dømes ved industrianlegg med utslepp av giftige eller farlege stoff. I krig kan anlegga bli brukt ved fare for luftangrep.

 

Kva betyr signalet?

Når du høyrer sirenene, betyr signalet «viktig melding – søk informasjon og følg råd frå myndigheitene». Tyfonane tutar då i tre seriar med eitt minutts pause mellom kvar serie. 

Rådet om å søke informasjon og følgje råd frå styresmaktene er eit generelt råd som kan bli gitt ved fleire typar hendingar. I praksis betyr dette rådet at du skal søkje informasjon frå kjelder du stolar på. Det kan til dømes vere aviser, radiostasjonar, nyheitsredaksjonar, kommunen sine heimesider, familie/venner eller myndigheitspersonar.

NRK P1 er beredskapskanalen som skal sikre informasjon til publikum, også dersom andre nyheitsmedium og offentlege nettstadar ikkje er tilgjengelege. NRK kan òg bryte gjennom med viktige meldingar til folket på alle NRKs radiokanalar.

Hugs at krisesituasjonar er uoversiktlege, og nokon kan ha eigeninteresser av å spreie feilinformasjon. Ver difor ekstra merksam på at du får informasjon frå pålitelege kjelder.


Test av anlegget

Sivilforsvaret testar anlegga to gonger i året – vanlegvis klokka 12.00 andre onsdag i januar og juni. 

Neste test blir onsdag 14. januar 2026 kl. 12.00. Dette er berre ein kontroll, så det er ingen grunn til uro.