Inviterer til sorggruppe for barn

Inviterer til sorggruppe for barn

Har du eit barn som har mista ein forelder eller søsken? I vår kan barn i 5.–7. trinn frå dei sju kommunane på søre vere med på sorggruppe på Ulstein helsestasjon.

Sorggruppe er eit interkommunalt samarbeidsprosjekt for alle barn i dei sju kommunane på søre.

Det vert samling fem gongar i 1,5 timar. 

Tilbodet er gratis, livssynsnøytralt og interkommunalt. Gruppa vert leia av to helsesjukepleiarar.

Samlingane i vår er for barn i 5.–7.-trinn. Ta gjerne kontakt om du veit om yngre eller eldre barn, slik at helsestasjonen får oversikt over aktuelle barn til neste gruppe.

  • Stad: Ulstein helsestasjon, Reiten 20
  • Praktiske opplysningar om tid/stad kjem seinare

Påmelding til helsesjukepleiar Mari Haugen Lunde i Ulstein kommune.

Bamse på blå stol. - Klikk for stort bilete pixabay.com