Innfører dei strengaste innreisereglane til Noreg sidan mars 2020

Innfører dei strengaste innreisereglane til Noreg sidan mars 2020

pixabay.com  

For å avgrense risikoen for spreiing av den meir smittsame varianten av koronaviruset, strammar regjeringa kraftig inn på innreise til Noreg for utlendingar. I utgangspunktet vil berre utlendingar som er busett i Noreg få høve til å reise inn i Noreg.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

 

Innstrammingane kjem på bakgrunn av anbefalingar frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet. Endringane trer i kraft ved midnatt, natt til fredag 29. januar 2021. Dei nye innreisereglane kjem i tillegg til eit omfattande system ved grensa, med krav om negativ test før ankomst til Noreg, registrering av føremålet med reisa og karantenestad, obligatorisk test ved grensa og lovpålagt karantene.

Dei nye innstrammingane er inngripande og regjeringa vil ta ei ny vurdering om to veker. Regjeringa vil samarbeide med partane i næringslivet for å finne gode løysingar innanfor eit strengt regime.

Utlendingar som har starta på ei reise til Noreg før endringane skjer, får likevel adgang til innreise.

Her får du meir informasjon om regjeringa si pressemelding 27. januar 2021.