- Ikkje kast gamle protokollar, dei fortel ein viktig del av historia vår

- Ikkje kast gamle protokollar, dei fortel ein viktig del av historia vår

Arkivleiar i Ulstein, Silje Ekroll Riborg, saman med historielagsleiar i Ulstein, John Osnes og arkivar Åsta Vadset frå Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal. Jorulf Myrene, Vikebladet Vestposten Har du gamle protokollar og anna arkivmateriale liggande heime? Ta kontakt med kommunen, så vil vi ta vare på dette for deg.

Ulstein kommune er medlem i Interkommunalt arkiv Møre og Romsdal, kort kalla IKA. Dette selskapet er eigd av fylkeskommunen og alle kommunane i fylket. I tillegg har nokre av kommunane medlemskap i privatarkiv-ordninga, deriblant Ulstein.

Privatarkivordninga er eit arkiv som tek vare på gamle arkiv/protokollar/møtebøker frå alt av lag og organisasjonar og lagrar dei i lokale som er sikra for brann, fukt og tjuveri. Det er mogleg å søke i registera. Du finn meir om IKA på nettsidene deira.

- Ikkje kast gamle protokollar, dei fortel ein viktig del av historia vår, seier arkivar i IKA, Åsta Vadset.

Les meir i Vikebladet Vestposten.

Arkivleiar i Ulstein, Silje Ekroll Riborg, oppmodar alle som har arkivmateriale liggande heime, og som kanskje ikkje heilt veit kva dei skal gjere med det, om å ta kontakt med henne. Kommunen kan ta imot materialet og sørge for at det hamnar i gode hender hos IKA. 

- Eg veit om andre kommunar som har fått inn mykje materiale, mens i Ulstein har vi førebels fått inn lite. Men eg veit det fins der ute. Det vi får inn vil eg samle opp og sidan ta med til IKA for rett oppbevaring, seier ho, og oppmodar folk om å ta kontakt.

Kontakt

Silje Ekroll Riborg
prosjektleiar
E-post
Mobil 95 16 94 10