Høyring: Bustadpolitisk handlingsplan

Høyring: Bustadpolitisk handlingsplan

Saunes og Ulsteinvik - Klikk for stort bileteSaunes og Ulsteinvik Per Eide Fram til 23. mars 2021 kan du uttale deg om bustadpolitisk handlingsplan 2021-2024.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

I samsvar med vedtak i levekårsutvalet 20.01.2021 er framlegg til bustadpolitisk handlingsplan lagt ut til offentleg ettersyn.

Planen har status som ein temaplan og rettar seg hovudsakleg til målgrupper som har helsemessige, sosiale eller økonomiske utfordringar. Målgruppene er i denne samanhengen personar som er i ein situasjon der dei ikkje kan skaffe seg og eller oppretthalde eit akseptabelt bustadforhold.

Bustadpolitisk handlingsplan.(PDF, 2 MB)

Vedlegg til bustadpolitisk handlingsplan.(PDF, 927 kB)

Frist og adresse

Planen er også lagt ut i Ulstein rådhus, 1. etasje. Eventuelle merknader eller innspel kan du sende til Ulstein kommune, p.b. 143, 6067 Ulsteinvik, eller til postmottak@ulstein.kommune.no. Merk svaret ditt «Bustadpolitisk handlingsplan».