Her skal fuglane få hekke i fred

Her skal fuglane få hekke i fred

Hekkeområde der det ikkje er ope for fri ferdsel før i midten av juni. Miljødirektoratet Dei nye digitale karta til Miljødirektoratet gjer det enkelt å sjå kvar det er forbod mot all ferdsel mens fuglane hekkar. I Ulstein har vi fleire slike område.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Her kan du utforske kartet i detalj.

Miljødirektoratet har laga ei heilt ny kartløysing som viser kvar det er spesielle ferdselsreglar/forbod. I Ulstein har vi fleire verneområde, mellom anna Grasøyane og Vattøya, som er hekkestad for mellom anna fleire utsette sjøfuglartar. 

  • Kartet viser område der det er forbod mot all ferdsel og bruk av luftfartøy (fly og helikopter) i verneområde, og når desse forboda gjeld.
  • Bruk av drone vert ikkje rekna som luftfart, og kan difor vere forbode utan at det viser i kartet. I verneområde kan det også vere restriksjonar for spesielle aktivitetar som vindsurfing, bruk av seglbrett og båt, bålbrenning og liknande som ikkje viser i kartet.
  • Informasjon om kva reglar som gjeld står i verneforskrifta for det enkelte området. Klikk på eit verneområde i kartet for å finne lenke til forskrifta på lovdata.no.

Ferdselsforbodet startar 15. april og varer til 15. juni.

Miljødirektoratet   

Bruk kartet! På denne måten kan alle som ferdast i naturen, både til lands, sjøvegen og i lufta, bidra til å ta omsyn til fuglelivet på ein trygg og enkel måte. Kartet er ein god måte å få oversikt over kva område du skal styre unna.

Særleg sjøfuglane har hatt ein dramatisk nedgang i bestand dei siste åra. Ein fjerdedel av alle sjøfuglar i Europa hekker i Noreg, og for at dei skal få ro og fred til å hekke, er det innført forbod mot ferdsel på stader der dei er mest sårbare.

Heldigvis har vi mange andre flotte turmål i kommunen vår og elles på Sunnmøre.  (PDF, 9 MB)

Kajakkpadlarar i Eiksund - Klikk for stort bileteKajakkpadlarar i Eiksund Per Eide