Har du ein god ide til årets sommarskule?

Har du ein god ide til årets sommarskule?

Symjing basseng - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto. Fredrik Bäckman/Pixabay Ulstein kommune ønskjer samarbeidspartnarar til sommarskulen 2021.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Ulstein kommune har fått tildelt midlar for å arrangere sommarskule for born i Ulstein. Ulstein kommune tilbyr sommarskule for elevar på 5.-10. trinn. Elevar på 1.-4. trinn får sitt tilbod i skulefritidsordninga.

I Ulstein kommune er det mange lag, organisasjonar og aktørar i lokalsamfunnet. Vi ønskjer no å samarbeide med desse om sommarskuletilbodet.  Slik kan vi spele på lag og vil kunne gje økonomisk støtte til ulike aktørar i ei vanskeleg tid, og bidra til framtidig rekruttering for aktivitetar seinare. Vi ber med dette lag, organisasjonar og aktørar kome med tilbod på aktivitetar som kan vere del av sommarskuletilbodet i Ulstein kommune.

Utdanningsdirektoratet har følgjande mål og retningslinjer for sommarskuletilbodet:

  • tilbodet vert gitt til elevar i grunnskulen, som er busette i kommunen.
  • tilbodet skal vere gratis for elevane
  • gje fleire unge ein arena der dei kan delta i faglege, sosiale og kulturelle aktivitetar i skuleferien sommaren 2021
  • at elevar kan få høve til fagleg påfyll/utbytte
  • motivere til dømes elevar som er i overgangen mellom barneskule og ungdomsskule eller i overgangen mellom ungdomsskule og vidaregåande opplæring
  • kommunen kan inngå samarbeid med til dømes idrettslag, kulturskular, foreiningar, leirskular og andre eksterne aktørar, tilpassa lokale tilhøve
  • kommunen må halde seg til reglar for offentlege anskaffingar
     

Vi ønskjer søknader som skildrar følgjande punkt:

  • Kva type aktivitetar de kan tilby.
  • Kortfatta skildring av det faglege, sosiale og kulturelle innhaldet i aktiviteten.
  • Lengd på dagar og talet på dagar de kan tilby
  • Kva veker det er aktuelt å arrangere aktivitetane. Aktuelle veker er 25, 26, 32 og 33
  • Alder på deltakarar i aktiviteten.
  • Kostnad på aktiviteten, tilbod på matservering kan vere del av tilbodet.
  • Tal på deltakarar som kan vere med i opplegget som vert tilbydd.
  • Eventuelle andre krav som organisasjonen set for deltaking

Lag, organisasjonar og aktørar skal samarbeide med Ulstein kommune om utforming og gjennomføring av tilbodet.
 

Søknadane vil verte vurderte og prioriterte ut i frå følgjande kriterium:

  • At dei møter Utdanningsdirektoratet sine retningslinjer som er skildra ovanfor.
  • Kostnad versus breidde
  • At vi samla sett får til eit mest mogleg variert tilbod både innhaldsmessig og tidsmessig for flest mogleg av dei nemnde gruppene.
  • Moglegheit for å tilpasse tilbydd aktivitet i det heilskaplege sommarskuletilbodet.

Søknad vert å sende til postmottak@ulstein.kommune.no

Søknadsfrist 05.05.2021