Har du bustad til flyktningar?

Har du bustad til flyktningar?

Per Eide

Ulstein kommune treng hjelp til å kartlegge bustader som kan passe til busetting av flyktningar.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Ulstein Eigedomsselskap KF og Ulstein kommune har framleis behov for bustader til flyktningar. Denne saka publiserte vi først 20. april, men vi republiserer no med håp om å få inn fleire bustader.

 

Ulstein Eigedomsselskap KF og Ulstein kommune ønsker å få oversikt over potensielle bustader for flyktningar. Dette er noko vi alltid ser etter, men situasjonen i Ukraina har auka behovet ytterlegare.

Registrer bustad her

Dette treng vi:

Vi presiserer at kommunen ikkje forpliktar seg til å nytte bustadene som vert meldt inn – og motsett, ei melding til kommunen forpliktar heller ikkje huseigar på nokon måte.

Bustadene vi ønsker oversikt over må oppfylle følgande krav:

  • Eigen bustad (eigen inngang)
  • Rom godkjend til opphald (brannsikring, rømingsvegar, dagslys m.m.)
  • Kjøkken, opphaldsrom, bad og soverom
  • Internett

Her melder du inn

Det er mykje som framleis er uklart med omsyn til kor mange flyktningar som vil kome og når dei vil kome. Dei som melder inn bustad kan difor dessverre ikkje rekne med respons før vi har ei totaloversikt, både over tilbodet og behovet.

Har du ein ledig bustad som stettar krava over?

Registrer deg og bustaden via dette skjemaet.

Her kan du også stille spørsmål om du har det.