Gull-Karsten knuste eigen verdsrekord og tok olympisk gull!

Gull-Karsten knuste eigen verdsrekord og tok olympisk gull!

Karsten Warholm reiv opp skjorta si etter rekordløpet. Skjermdump frå TVNorge. Ulsteinvikar Karsten Warholm (25) både gråt og jubla vilt etter sitt første OL-gull på 400 meter hekk. Det vart verdsrekord på utrulege 45,94.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

– Det er så sjukt. Er det mogleg?, ropte Warholm etter målgang, ifølgje VG.

Han knuste sin eigen verdsrekord med 76 hundredelar, frå 46,70 (frå Bislett tidlegare i sommar), ned til vanvitige 45,94.

Og jubelropa frå heimbygda kunne truleg verte høyrt i mils omkrets (om ikkje heilt til Tokyo). Med god grunn. Dette var verkeleg, sagt med Warholm sine ord, så sjukt!

Vi gratulerer og bøyer oss audmjukt over denne utrulege prestasjonen, utført av han som hadde sitt aller første løp i verda, iført dongeribukse, i den 93 meter lange løypa rundt Ulstein rådhus - i ein alder av sju år.

Alt byrjar ein stad.

Ein blid ordførar, Knut Erik Engh, rosar både Warholm og moderklubben Dimna IL. 

– I Ulstein gjeld ikkje Jantelova. Her er vi gode på å heie kvarandre fram. I Ulstein er det lov til å vere flink og verte inspirert av kvarandre. 

Han skryt også av moderklubben til Warholm, Dimna IL.

– Han har hatt ein veldig god klubb med dyktige og engasjerte trenarar. Og så er det klart at han har både talent og dei rette eigenskapane for å nå opp.

Og for Warholm var løpet i Japan ei sjelsettande oppleving.

–  Eg visste at eg måtte springe ut av sjela mi for å få det, og heldigvis klarte eg det, seier han til NTB.

– Kom du ut av sjela? spør journalisten.

– Ja, ho er lagd igjen på banen, og eg må nok gå og hente henne no etterpå.

Ulstein Eigedomsselskap sørgar for flagget til topps for Warholm utanfor rådhuset. Janne-Marit Myklebust  Mange samla seg i idrettshallen for å sjå løpet, i tidlege morgontimar tysdag. Dimna IL var sjølvsagt sterkt representert. Skjermdump Ulstein Arena  

Oskar Ringstad var raskt opp med flagget utanfor Sjøborg etter Karsten Warholm sitt OL-gull og verdsrekord. Janne-Marit Myklebust Når Warholm presterer, må det markerast! Janne-Marit Myklebust Her kan du lese nokre av reaksjonane utanfor Ulsteinvik og Noreg sine grenser: 

BBC

CNN

Berlingske

Aftonbladet + denne