Gratulerer, kjære Ulsteinborgarar!

Gratulerer, kjære Ulsteinborgarar!

Russepresident Jakub Marek Mlodzinski. Janne-Marit Myklebust Tale frå russepresidenten: Vi har lært at livet kan endre seg på ein blunk, vi har lært at det å slakke ned tempoet kan vere positivt det også, men mest av alt har vi lært at det å få vere i lag er det viktigaste.  

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

 

Russepresidenten sin tale: 

Kjære alle saman! Gratulerer så mykje med dagen.

I dag feirar vi ein historisk dag for folket i Noreg. Det er 207 år sidan grunnlova vart skrive under av 112 dyktige menn på Eidsvoll. Dei skreiv ned grunnlova for å sikre oss ein fin kvardag med frie val og ytringsfridom, der alle kan vere den dei vil og tru på det dei vil.

Som ein med utanlandsk bakgrunn, kan eg med handa på hjartet seie at eg set utruleg stor pris på Noreg, og er stolt av å kalle Noreg mitt heimland. Min første 17. mai i Noreg såg eg første gong eit barnetog i stande for militærparade, og eg fekk ete så mykje is og pølse eg ville saman med kompisane mine og vere med på ulike leiker og ha det gøy.

For over eitt år sidan starta ein verdspandemi. Lite visste vi at verda skulle verte snudd på hovudet, og at liva våre skulle verte totalt forandra. Det har vore eit hardt år for oss alle, der det sosiale livet til dei fleste av oss har fått kjent på motbakke.

Russetida 2021 har vore ei utfordrande tid. Vi har ikkje fått lov til å ha eit einaste fellesarrangement der alle russane kunne vere samla. Vi måtte halde oss i mindre kohortar – og det vart mykje køyring i bilane. Vi har gjort det beste ut frå den situasjonen vi er i, og eg håper dei fleste har hatt ei minnerik tid. No skal russen 2021 verte spreidd over heile landet, mange skal byrje å studere, nokre skal i militæret, og andre skal jobbe. Kvardagen på UVS er over, og vi startar opp eit nytt kapittel i liva våre. Eg håper at kvardagen vår kjem tilbake til normalen i løpet av hausten og at vi kan ta tilbake liva våre.

Vil også takke min fantastiske medruss for å bidra til ei trygg og fin russefeiring her i Ulstein. Vil også takke for tilliten ved å verte valt som russepresident for verdas beste kull - 2021! No er tida med å vakne med hovudverk og fylleangst kvar morgon over, og det er også den tida vi kallar livets fest.

Eg håper at neste 17. mai er tilbake til normalen, der vi kan fylle gatene med barnetog, korps, liv og latter. At vi igjen kan håpe på økonomisk vekst, at våre lokale bedrifter kan gjenreise seg etter ei krevjande tid. Vi har lært at livet kan endre seg på ein blunk, vi har lært at det å slakke ned tempoet kan vere positivt det også, men mest av alt har vi lært at det å få vere i lag er det viktigaste. 

Igjen - gratulerer med dagen, kjære Ulsteinborgarar!