
Informasjon
Har du tankar, idéar eller draumar om å utvikle noko nytt på eigen gard? Då er dette møtet for deg!
I fjor vart møtet arrangert på Hareid, og interessa var så stor at det raskt vart fullteikna. No ønskjer vi å gi fleire høve til å delta, og inviterer difor til nytt møte i Ulsteinvik.
Her får du møte landbrukskontoret og verkemiddelappartet representert ved hoppid. Dei vil dele informasjon om ordningar, tilskot og moglegheiter for deg som vurderer tilleggsnæring eller anna utvikling på garden.
I tillegg kjem Terje Grønmyr frå Kråen Gard i Sande kommune. Dei har på kort tid utvikla garden til å bli ein skikkeleg reiselivsdestinasjon med fokus på lokale råvarar.
Målet med møtet er å inspirere, gi nyttig kunnskap og skape kontakt mellom lokale gründarar og støtteapparatet. Vi ønskjer å stimulere til meir samarbeid, engasjement og verdiskaping i landbruket, og satsar på skikkeleg inspirasjonspåfyll denne kvelden!
Facebook-arrangement
Program
- Velkomen v/ Ulstein Næringsforum og Vekst i Hareid
- Lokalt døme: Terje Grønmyr fortel om satsinga på Kråen Gard
- Informasjon frå landbrukskontoret v/ Anne Kathrine Løberg
- Verkemiddelapparatet v/ Robert Voldnes, Hoppid
- Spørsmål og diskusjon
Har du ein idé eller ein draum knytt til garden din, er dette ei flott moglegheit til å få inspirasjon og rettleiing, og møte andre som også vurderer å starte opp med noko.
Vi oppmodar deg som driv, er nysgjerrig eller ønskjer å starte, ny næring på garden til å melde deg på!
Tid og stad
Tidspunkt: Måndag 2. februar kl. 18-20
Stad: Skaparhuset, Sjøgata 30, 6065 Ulsteinvik
Påmelding
Påmelding:
Møtet er gratis, men vi må ha påmelding på grunn av planlegging av matservering.
Skjema for påmelding
Vel møtt!