Frå 1. november tek Skatteetaten over oppgåvene for skatteoppkrevjaren

Frå 1. november tek Skatteetaten over oppgåvene for skatteoppkrevjaren

Pexels Frå 1. november 2020 tek Skatteetaten over ansvaret for oppgåvene som skatteoppkrevjaren i kommunen har i dag. 

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Skatteetaten får eit heilskapleg ansvar for fastsetting, innkrevjing og kontroll av skattar og avgifter. Etter 1. november er det ikkje lenger skatteoppkrevjar (kemner) i kommunen.

Her kjem du til Skatteetaten sine nettsider.

Oppgåvene som blir overført til Skatteetaten i november er mellom anna behandling av restskatt, skattepengar til gode, tilleggsforskot, forskotstrekk, arbeidsgivaravgift, motrekning og utleggstrekk knytte til skattekrav, skatteattestar og konto-/saldoutskrift for skatt og avgift.

Skatteetaten sine nettsider oppdaterast med informasjon om skatteoppkrevjaroppgåver 2.november. Der vil du finne svar på mange spørsmål samt moglegheit for å sende inn spørsmål, søknadar, bestilling av utskrifter, klager mm via nett.

Skatteetaten tek ikkje i mot e-post, men ved å gå inn via nettsidene kan ein sende skriftlege meldingar om alle typar spørsmål. Treng du meir hjelp må du kontakte Skatteetaten i andre kanalar. Chat, telefon 800 80 000 og Facebook er dei raskaste måtane å få tak i Skatteetaten på.