I hovudsak følgjer fellesframlegget som vart lagt fram i formannskapet kommunedirektøren sitt opphavlege forslag, men med nokre viktige justeringar som skal sikre ein meir berekraftig økonomi i åra som kjem.
Politikarane rosar administrasjonen for eit grundig og ansvarleg arbeid. Det ligg no føre eit godt grunnlag for vidare styring og kontroll gjennom 2026.
Økonomisk berekraft og redusert gjeld
Det samla framlegget har ein tydeleg profil: Vi skal redusere gjeldsgraden.
- Redusert gjeld: Det er lagt inn føringar som reduserer ny gjeld med over 20 millionar kroner i perioden samanlikna med det opphavlege framlegget.
- Auka fond: Fondsavsetningane aukar med totalt 7,5 millionar kroner. Allereie i 2026 vert fonda styrka med 1,2 millionar, med vidare opptrapping resten av planperioden.
Dette grepet skal styrke handlingsrommet til kommunen og legge til rette for ein sunnare kommuneøkonomi på sikt. Eventuelle midlar som kjem via saldering av statsbudsjettet, skal også gå uavkorta til fond (med mindre det er bundne midlar).
Justeringar i investeringsprosjekt
For å nå målet om redusert lånegjeld, vidarefører politikarane ei stram linje i investeringstempoet. Dette får konsekvensar for enkelte prosjekt:
- Barnehage på Hasund: Ramma vert redusert med 10 millionar kroner.
- Kommunal eigedom: Oppgraderingspakken vert redusert med 11,9 millionar kroner.
Samstundes er det funne rom for å framskunde oppgraderinga av uteområdet ved Ulsteinvik barneskule. Målet er å sikre elevane eit best mogleg område for leik og aktivitet. Det vert lagt opp til eit første byggesteg sommaren 2026, og eit nytt sommaren 2027. Her håper ein også på godt samarbeid med FAU og eventuelle private bidrag.
Bestillingar til organisasjonen – vegen vidare
Formannskapet har lagt inn fleire verbalforslag som krev oppfølging frå oss i organisasjonen. Dette handlar ikkje nødvendigvis om kutt som skal skje over natta, men om å skaffe kunnskap for å kunne ta rette val.
- Smart-prosjektet og omstilling: Det er lagt inn delvis spesifiserte innsparingskrav. Dette er ei bestilling om å vurdere strukturar og finne moglegheiter. Vi må optimalisere ressursbruken, men endringane skal vere baserte på solid kunnskap.
- Kultursektoren: Det skal leverast ei sak før sommaren 2026 som ser på heile kulturfeltet (kino, kulturskule, idrett, bibliotek m.m.). Målet er å sjå om det uspesifiserte innsparingskravet kan innfriast, og kva konsekvensar det vil ha for tenestenivået.
- Helsestasjonen: Tenesta held høg kvalitet, men i ein stram økonomisk situasjon må driftsnivået vurderast. Kommunestyret ber om ei konkretisering av kva konsekvensar ein reduksjon i ramma vil gi, for å kunne vurdere kva som er eit berekraftig nivå framover.
- Lokalisering eigedom: I løpet av første kvartal 2026 skal det leggast fram ei sak om alternative løysingar for driftsavdelinga eigedom, med mål om å nytte eksisterande kommunale lokale framfor å leige nytt.
Formannskapet er tydelege på at budsjettet er stramt, og omstilling er krevjande. Men desse prioriteringane gir oss ei klar retning for arbeidet med å sikre gode tenester i Ulstein kommune også i framtida.
Slik sender du innspel:
Du kan sende ein høyringsuttale til og med 10. desember 2025.
Send høyringssvar via Høyringssvar - budsjettframlegg eller postboks 143, 6067 Ulsteinvik. Merk e-post med “Innspel til økonomiplan”. Uttalen må vere levert til kommunen seinast 10.12.2025 kl. 15.00.
Endeleg budsjettvedtak vert gjort i kommunestyret 11. desember 2025.
Høyringssvar
Etter kvart som det kjem inn innspel vil du finne dei på innsynsløysinga vår - Økonomiplan 2026-29 - Budsjett 2026.