Fin framdrift på Skeide

Klikk for stort bileteUtbygginga av bustadfeltet på Skeide er godt i gang. Odd Kåre Wiik Trass streng kulde og mykje tele tidlegare i år, er framdrifta for utbygginga av nytt bustadfelt på Skeide godt i rute.

Det er Ulstein Entreprenør AS som står for bygginga av det nye bustadfeltet. Tekniske anlegg og vegar tek form, og fine bustadtomter «dukkar opp». Til sommaren skal feltet vere ferdig, og tomtene vert då lyste ut for sal.  

Klikk for stort bileteBustadfeltet på Skeide. Odd Kåre Wiik

Til saman er det snakk om 50 bustadtomter, i tillegg til ein del areal for tettare utnytting (firemannsbustader, rekkehus m.m.). Klikk for stort bileteUtsikt frå bustadfeltet på Skeide. Odd Kåre Wiik Klikk for stort bilete