Spleiselag
Felles fyrverkeri ved midnatt på nyttårsaftan har vorte ein kjær og samlande tradisjon i Ulstein. Kvart år samlast folk i alle aldrar for å ønske det nye året velkomen – saman, på ein trygg og stemningsfull måte.
Fyrverkeriet er eit resultat av eit spleiselag mellom innbyggarar og næringsliv, koordinert av Ulstein kommune. Gjennom felles innsats får vi eit profesjonelt og kontrollert fyrverkeri som skaper glede for mange - samstundes som det bidreg til auka tryggleik og mindre privat oppskyting.
Budsjettet for årets fyrverkeri er på kr 100.000, og vi håpar både næringsliv og innbyggarar ønsker å vere med å bidra. Alle bidrag, små som store, er med på å sikre at vi kan halde fram denne fine tradisjonen.
Slik kan du bli med på spleiselaget
Slik kan du bidra:
- Vipps: 789317 (Fellesfyrverkeri Ulstein)
- Kontonummer: 3991.12.88706 (Merk innbetalinga med “Fellesfyrverkeri”)
Ønskjer du å få tilsendt faktura, kan du ta kontakt med
Annika Brandal på e-post: annika.brandal@ulstein.kommune.no
Alle bedrifter som bidreg blir nemnt i samband med marknadsføring av fyrverkeriet.
Takk for at du er med og bidreg til eit felles, trygt og stemningsfullt nyttår i Ulstein!
QR-kode