Feittvett i jula

Feittvett i jula

Jul betyr god mat og hygge, men det kan også bety utfordringar for avløpssystemet vårt. Her får du gode råd om korleis du skal kvitte deg med ribbefeittet i jula.

Nokon held ein sugekopp som kan opne tett avløp/vask - Klikk for stort bilete Canva

 

 

 

Feittfrie avløp - gode råd i julematlaginga

Når vi lagar ribbe, pinnekjøt og andre feite rettar, blir det mykje feitt til overs. 

Hugs: feitt høyrer aldri heime i vasken eller toalettet!

 

Kvifor er det viktig?

Når feitt blir tømt i avløpet, stivnar det og kan lage store proppar i røra. Dette kan føre til:

  • Tette avløp heime hos deg
  • Kostbare reparasjonar
  • Problem i det kommunale avløpsnettet
  • Auka risiko for kloakkutslepp til naturen


Feitt og matrestar i avløpet tiltrekkjer seg også mus og rotter.

 

Slik skal du gjere det

  • Avkjøl feittet etter matlaging
  • Skrap av feittet frå steikepanna og gryter med papir før du vaskar
  • Samle flytande feitt i ein tom kartong eller flaske, tape igjen og kast det i restavfallet
  • Bruk matavfallspose til mindre feittrestar
     

Dette er små grep som gjer stor forskjell – både for røra dine og for miljøet!

Vis feittvett – spar deg for trøbbel!
 

Takk for at du hjelper oss å halde avløpssystemet i Ulstein kommune i god stand. 

God jul!