Er kontaktinformasjonen din oppdatert?

Kommunen nyttar Varsling 24 for å varsle husstandar og verksemder i eit geografisk område om hendingar via SMS og e-post. Her kan du sjekke at kontaktinformasjonen din er rett.

Varsling 24 varslar via SMS, e-post og telemelding til fasttelefon. Meldinga vert sendt som SMS til mobiltelefon og e-post til alle innbyggjarar over 16 år i ein husstand, og alle kontaktpersonar i verksemda.

Alle einingar i eit burettslag/sameige vert også varsla. Føresetnaden er at dei som bur der er ført opp i Folkeregisteret med rett adresse og at dei har kontaktinformasjon i Kontaktregisteret.

Her sjekkar du at informasjonen om deg er rett: https://varsling24.no/kundeinfo

Når sender kommunen SMS?

Kommunen informerer innbyggjarane digitalt når det t.d. er nødvendig med koking av vatn, vasstenging, stengde vegar, evakuering, vaksinasjon og andre generelle servicemeldingar eller hendingar som krev rask informasjon til alle innbyggjarar.