Endringar i møtedatoar

Endringar i møtedatoar

For å gi folkevalde og rådsmedlemer god nok tid til å lese saksdokumenta, er det bestemt å utsette møta som var planlagt i veke 35, i ei veke.

Talarstolen på Ulstein rådhus

Det er bestemt at alle utvalsmøte og fellesrådet vert utsett med ei veke.

Formannskapsmøtet og administrasjonsutvalet vert flytta to dagar, frå 2. september til 4. september.

Kommunestyret vil gå som planlagt 11. september.

 

Bakgrunnen er at administrasjonen har trengt tid til å gjere ferdig alle sakene til møta, og at dei folkevalde skal få god nok tid til å lese dokumenta.

Dette er bestemt i samråd med ordførar.

 

Nye datoar for møta

  • Ungdomsrådet går som planlagt, måndag 25. august
  • Fellesrådet: 1. september klokka 14.00
  • Levekårsutvalet: 2 september klokka 10.00
  • Teknisk utval: 3. september klokka 09.00
  • Administrasjonsutvalet: 4. september klokka 10.00
  • Formannskapet: 4. september klokka 11.00

 

Ei av sakene som skal opp i møta er skulestruktursaka. Denne saka vil vere tilgjengeleg frå kvelden 25. august.