– Ein pris dei verkeleg fortener!

– Ein pris dei verkeleg fortener!

Representantar frå NMS Gjenbruk og styret i Ulstein frivilligsentral sit i ein gul sofa framfor eit furubord. Det er ein tekst på veggen bak: NMS Gjenbruk, eit skattekammer for deg som elskar gjenbruk – og kloden vår. - Klikk for stort bileteFrivilligprisen i Ulstein for 2022 gjekk til dei frivillige i NMS Gjenbruk. Frå venstre: Bjørg Hasund, Anne-Marie Hopland, Turid Husøy, Inga Marie Aurvåg, og Aase Ulla. Dei to til høgre er Mari Ann Vattøy og Annika Brandal i styret til Ulstein frivilligsentral. Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll/Vikebladet Vestposten

NMS Gjenbruk i Ulsteinvik får frivilligprisen for 2022 i Ulstein.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Maria Ann Vattøy og Annika Brandal i styret til Ulstein frivilligsentral delte ut prisen måndag 5. desember.

Prisen er eit diplom, blomster og 5 000 kroner.

Frivilligprisen vert delt ut kvart år i samband med den internasjonale frivilligdagen 5. desember.

– Det er fint å verte sett pris på, seier Inga Marie Aurvåg og Anne-Marie Hopland frå NMS Gjenbruk, til Vikebladet Vestposten.

Mari Ann Vattøy og Annika Brandal i styret til Ulstein frivilligsentral fortel at dei fekk inn mange gode nominasjonar, men at NMS Gjenbruk merka seg ut.

– Det er veldig fint å gi prisen til nokon som har vist så godt igjen i Ulstein-samfunnet, gjennom heile tjue år.

– Dette er ein pris dei verkeleg fortener, seier Brandal og Vattøy.