– Ei god investering i foreldrerolla

– Ei god investering i foreldrerolla

– Foreldrerolla er det mest sårbare du har i livet. Alle kan synest det er godt med litt påfyll, seier leiande helsesjukepleiar Kristin Meli. Helsestasjonen tilbyr kurs til alle foreldre med barn heilt opp i grunnskulealder.

Gry og Kristin i samspel med Isak på helsestasjonen. - Klikk for stort bileteFamilieterapeut og foreldrerettleiar Gry Jonberg og leiande helsesjukepleiar Kristin Meli, har lånt seg ein liten og kontaktsøkande Isak som skal på kontroll på helsestasjonen. Janne-Marit Myklebust

 

– Lille Petter Edderkopp, syng Gry Jonberg.

Vesle Isak følger spent med på fingrane hennar som klatrar oppå kvarandre som ein edderkopp.

Eigentleg skulle han berre på ein heilt vanleg kontroll, men vart fort huka tak i for å vere med på eit bilde saman med to engasjerte helsestasjonstilsette.

  • Stad: Ulstein helsestasjon, Reiten
  • Tysdagar klokka 19.30–21.00 frå 13. februar til 19. mars
  • Torsdagar klokka 15.00–16.30 frå 29. februar til 11. april
  • Inntil 10 personar på kvart kurs
  • Påmelding innan 8. februar til ulstein.helsestasjon@ulstein.kommune.no 

Tryggheitssirkelen

Leiande helsesjukepleiar Kristin Meli og familieterapeut og foreldrerettleiar Gry Jonberg fortel engasjert om tilknytingsteori og om korleis vi best kan møte barna våre.

– Vi har verkeleg satsa på dette her på helsestasjonen, fortel Jonberg.

– Alle tilsette er kursa – eller står på vent for å verte kursa – i COS.

COS står for Circle Of Security. Tryggheitssirkelen.

Og no er dei klare for å dele kunnskapen sin med foreldre og føresette til den oppveksande generasjon i Ulstein.

Målet er at barnet ditt skal få hjelp til å kjenne seg trygg, og på den måten stå sterkare rusta til å møte utfordringar i livet. Dette gjennom trygge og tydelege vaksne.

Illustrasjon over ulike fasar i tryggheitssirkelen. - Klikk for stort bilete

Forstå barna

– Vi har i to år gitt dette tilbodet i barnehagane våre. No er vi på helsestasjonen, og vi utvidar aldersgruppa til å gjelde også barn i grunnskulealder. Vi ønsker at alle skal forstå ungane sine, mellom anna gjennom refleksjon. Samstundes skal du verte trygg på at det du har med deg inn i foreldrerolla, og den du er, er godt nok det også, seier Jonberg.

– Berre det å møte andre foreldre og få ein samtale, kan gjere godt det også, seier Meli.

– Gry Jonberger eit funn for oss! Ho gjer ein uvurderleg innsats!

Gode tilbakemeldingar

Foreldrekurset har fått gode tilbakemeldingar tidlegare.

  • “Eg har lært mykje om meg sjølv”
  • “Det har hjelpt meg til å takle kvardagen betre”