– Dette er svært etterlengta!

Ingen tvil om at det nye leikeområdet er godt motteke av elevane ved Hasund skule. Janne-Marit Myklebust

Storstilt feiring av ny leikeplass ved Hasund skule.

Sjå film frå opningsfesten her: 

– Dette har vi venta lenge på. Det er svært etterlengta, helsa rektor ved Hasund skule, Marianne Ulstein Johnston då det nye leikeområdet ved skulen vart offisielt opna 1. desember.

Rektor Marianne Ulstein Johnston gler seg over den nye leikeplassen, og fortel at elevane har vorte mykje meir aktive i friminutta etter at dei tok han i bruk. Janne-Marit Myklebust

Ordførar Knut Erik Engh heldt tale og fekk æra av å klippe snora for å markere at leikeplassen no er klar til bruk. Han fortalde at det har vore brei politisk semje om å satse på oppgradering av fleire av leikeplassane i kommunen, då ein leikeplasskontroll frå i fjor viste at der er stort behov for det – og la til at det er særleg Senterpartiet som har stått i bresjen for dette.

Ordførar Knut Erik Engh stod for den offisielle opninga. Janne-Marit Myklebust

Ulstein Eigedomsselskap KF, oppvekstavdelinga og Hasund skule har samarbeidd for å planlegge den nye leikeplassen, og elevane sjølve har også fått seie sitt om kva dei ønsker seg. Kompan Norge har vore leverandør, med Aurvoll og Furesund som underleverandør.

Anne Hestflått og Idar Brekke frå Ulstein Eigedomsselskap grilla pølser til svoltne skuleelevar. Janne-Marit Myklebust

Leikeplassen kosta 1 million kroner, og same sum ligg inne for neste år. Så står det berre att å bestemme kven som skal vere like heldige som Hasund skule, og få oppgradert leikeplassen

Svolten gjeng får servering av Ulstein Eigedomsselskap. Janne-Marit Myklebust Kjekt med ein varaordførar og ordførar på besøk. Janne-Marit Myklebust Mange møtte fram for opningsfesten. Janne-Marit Myklebust Ny leikeplass ved Hasund skule. Janne-Marit Myklebust