Dette er Årets nyskapar 2019

Dette er Årets nyskapar 2019

Varaordføraren gratulerer vinnaren og dei andre finalistane. Frå høgre: Varaordførar Stian Lehmann Scheide; Elisabeth Hjelmeset, Aase Strømberg og Gunn Hofset ved Holsekerdalen 22; Lars Erling Bjåstad Hovlid, prosjektdeltakar Zaid Tkabo og Einfrid Grindheim ved Inkludering og mangfald i Ulstein; Ole-Jacob Arnesen, Ole Terje Sukka og Øyvind Grimstad Hagen ved Ulsteinvik barneskule. Svein Arne Orvik Avdelinga Inkludering og mangfald i Ulstein (IMU) ved leiar Lars Erling Bjåstad Hovlid er vinnaren av nyskapingsprisen. Gratulerer! 

  
Dei som nominerte vinnaren skildrar avdelingsleiaren som «eit oppkome av gode idear og tankar om korleis vi kan utvikle tenestetilbodet vårt til det betre».

Prisen vert gitt for to nyskapande samarbeidsprosjekt ved IMU der flyktningar kvalifiserer seg for arbeidslivet: «Tilrettelagt opplæringsløp for fagbrev i industrimekanikarfaget» og «Reinhaldsmedarbeidar». 

Sjå reportasjen frå NRK Møre og Romsdal om opplæringsløpet i industrimekanikarfaget

Det er første gongen at prisen Årets nyskapar vert delt ut. Prisen skal kvart år gå til ein person, ei gruppe, eit prosjekt eller ei avdeling i kommunen som har skapt noko nytt som er nyttig og (prøvd) nyttiggjort. Prisen er ein del av satsinga på nyskaping i kommunen

 

Kåra av formannskapet 

Det vart nominert 13 kandidatar til prisen frå ulike delar av organisasjonen. Av desse valde juryen (leiargruppa og tillitsvalde) ut tre finalistar: 

  • Avlastning for barn/unge i Holsekerdalen 22. Juryen skriv: «Dei har hatt brukaren i sentrum og utarbeidd tenester tilpassa brukarane, sjølv om det har betydd store endringar for dei tilsette. Dei har ikkje vore redde for å prøve nye metodar anten det er i rutinar eller teknologi. Dette har opna opp for betre kvalitet i tenestene både for brukar og tilsette.»

  • Ulsteinvik barneskule ved Ole-Jacob Arnesen, Ole Terje Sukka og Øyvind G. Hagen. Skulen har innført opplæringskafe i digitale læringsverktøy for foreldre. Juryen skriv: «Ulsteinvik barneskule har heilt sjølv laga eit opplegg for å hjelpe til å nå målet om trygge digitale elevar. Dei har tatt i bruk nye arenaer og samarbeidspartnarar, foreldra. Dette er eit godt døme som også kan nyttast i andre settingar.»

  • Inkludering og mangfald i Ulstein (IMU) ved Lars Erling Bjåstad Hovlid 

Formannskapet, som er innovasjonsutval i kommunen, kåra til slutt vinnaren blant dei tre finalistane. Prisen er på 10 000 kroner og ein vandrepokal. 

 

IMU-prosjekt av nasjonal interesse 

I grunngivinga for tildelinga skriv formannskapet: 

«Prosjekta svarar på ei av dei største samfunnsutfordringane, nemleg utanforskap. Dei har fått status som «prosjekt av nasjonal interesse», det vil seie at også andre utanfor kommunen ser verdien av arbeidet. Prosjekta viser samskaping på tvers av einingar, forvaltningsnivå og næringslivet. Å gje folk høve til å sikre seg utdanning og jobb styrker berekrafta til enkeltmenneska og lokalsamfunnet. Dette gjer den nominerte til ein verdig vinnar.» 

 

– Snur alle steinar

Dei som nominerte vinnaren skildrar avdelingsleiaren ved IMU som «eit oppkome av gode idear og tankar om korleis vi kan utvikle tenestetilbodet vårt til det betre»: 

«I løpet av 2019 har Lars Erling stått på barrikadane for å etablere tilbod som kan bidra til at innvandrarar kjem i varig arbeid. Saman med andre aktørar har han bidrege til å etablere to store prosjekt. Det eine prosjektet, «Tilrettelagt opplæringsløp for fagbrev i industrimekanikarfaget», er eit stort samarbeidsprosjekt mellom Møre og Romsdal Fylkeskommune, NAV, MAFOSS, næringsliv i regionen, IMDi og kommunane i Sjustjerna. Prosjektet går over tre år. Det andre prosjektet, «Reinhaldsmedarbeider» er eit samarbeid mellom NAV Ulstein-Hareid-Sande, Ulstein eigedomsselskap, Ulstein kommune og Aasen Renhold AS. Begge prosjekt har kvalifisering av busette flyktningar som mål.

Lars Erling snur alle steinar og våger å tenke nytt og utanom båsen i arbeidet med å kvalifisere busette flyktningar til deltaking i arbeids- og samfunnsliv. Han er eit oppkome av gode idear og tankar om korleis vi kan utvikle tenestetilbodet vårt til det betre. I 2019 vart det starta fleire større prosjekt ved IMU/kompetansesenteret som alle er veldig spennande nybrottsarbeid. Fleire av dei er komne i stand ved samarbeid og avtalar med både offentlege og private aktørar. 

Gjennom desse prosjekta har nye innbyggjarar både i Ulstein og regionen forøvrig, fått eit meir «skreddarsydd» og spissa tilbod som vil styrke dei i møte med arbeidslivet sine krav. I tillegg har dei tilsette fått utvikle kompetansen sin ved å få nye, spennande og krevjande arbeidsoppgåver, og fleire stillingar ved eininga har vorte sikra inntil vidare. Lars Erling er også ei fantastisk støtte for alle involverte i prosessen med å omstille seg til nye oppgåver og måtar å tenke på, og er lite «svær» på eigne vegner. Vi synest verkeleg at han fortener ein slik pris for den eminente jobben han gjer for deltakarane våre, for oss tilsette og for kommunen.»  

   

Kontakt

Monica Cecilie Torp
kommunalsjef
E-post
Mobil 90 74 32 07