Deler utmerkinga Årets nyskapar 2020

Deler utmerkinga Årets nyskapar 2020

Skulesjef Vegard Sæter Gurskevik, lærar Elisabeth Rønning, inspektør ved Ulsteinvik barneskule Kjell Lunde og rektor ved Ulsteinvik barneskule Karen Strand. Dei deler prisen "Årets nyskapar" med sone 3 helse og omsorg. Janne-Marit Myklebust Noko korona-forseinka fekk Ulstein kommune endeleg kåra vinnarane av prisen Årets nyskapar 2020. Tre verdige finalistar kjempa om topplasseringa.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Kåringa gjekk føre seg utanfor rådhuset, og dei tre finalistane var: Velferdsteknologigruppa, tilsette i grunnskulen (heimeundervisning og skuletilbod under pandemien) og heiltidskulturprosjektet (sone 3 helse og omsorg og Ulsteinvik barneskule.)

Ordførar Knut Erik Engh stod for utdelinga på vegner av Ulstein formannskap.  Prisen er på 10.000 kroner og ein vandrepokal.

Og vinnarane er: Heiltidskulturprosjektet.

Sone 3 helse og omsorg deler prisen med Ulsteinvik barneskule. F.v. soneleiar Gunn Sætre, Marieke Christiansen, Kari Riise, Bjørg- Allis Haanes, Marit Botnen og Hilde Ringen. Janne-Marit Myklebust  Grunngjevinga: Heiltidsprosjektet i Ulstein har i tillegg til lokal effekt gitt nasjonal merksemd. Prosjektet oppfyller alle kriteria som er sett i statuttane for prisen og gir varig effekt. Gjennom samskaping på tvers av ulike tenesteområde har dei lykkast med å sette kvalitet for tenestemottakarar i fremste rekke. Samstundes har tiltaka gitt dei tilsette ein betre arbeidskvardag og frigjort ressursar. Erfaring frå dette prosjektet er overførbart til andre delar av organisasjonen og bidreg til større berekraft i tenestene.

 

Ordførar Knut Erik Engh. Janne-Marit Myklebust Dette var noko av det ordførar Knut Erik Engh sa i talen sin: 

Nyskaping handlar ikkje alle tider om å finne opp noko heilt nytt som ingen har sett før. Men dersom det skal falle under kategorien nyskaping så må det vere noko nytt for oss sjølv om andre har gjort det før. Men det er ikkje nok at det er nytt, det må også vere nyttig. Å innføre noko nytt som ikkje har noko nytte er eigentleg ganske meiningslaust. Slike prosjekt vert ofte eit blaff, og bidreg ikkje til endringar og utvikling. Men nye tiltak som er nyttige og som vert nyttiggjort er det som driv oss framover.

 

 

 

 

 

 

 

 

Kriteria for prisen er:

  • Det skal vere noko som har vorte realisert eller prøvd realisert i løpet av fjoråret
  • Det skal vere noko som opplevast som nytt
  • Det skal vere nyttig for brukare, innbyggare og/eller tilsette
  • Det er med på å styrke berekrafta vår
  • Det skal gjerne redusere kostnader og frigjere kapasitet
  • Prosjekt som har hatt fokus på brukarbehov
  • Prosjekt som har fått til samskaping i praksis

Koronavennleg heiagjeng på rådhuset. Janne-Marit Myklebust  

Her kan du lese meir om dei tre finalistane: 

Velferdsteknologigruppa: Gruppa består av fem fagpersoner frå ulike avdelingar som har eit møtepunkt annankvar onsdag. Dei jobbar for at velferdstekonologi skal takast meir og meir i bruk på alle avdelingar. Gruppa har ei svært viktig rolle i høve framdrift og er svært framlente. Dei motiverer tilsette, gir opplæring/rettleiing,  kvalitetssikrar og legg planar for det som skal gjennomførast. Mykje takka vere denne gruppa sitt arbeid har Ulstein kommune kome seg svært langt i bruken av velferdsteknologi, og har fått mykje gode tilbakemeldingar frå brukarane også i media. Ulstein kommune er vertskommune for velferdsteknologiprosjektet i Sjustjerna og kommunalsjef Marit Botnen er ein engasjert pådrivar og støttespelar.

Tilsette i skulen: Med berre få dagars frist snudde tilsette i skulane seg rundt og gjorde om på planar og metodar for undervisning, og gjekk frå det vi kjende som "normalt" skuletilbod til ein praksis med heimeskule, noko som aldri før har vore gjennomført i stor skala. Dette har vore utført på på glimrande vis! Mykje av årsaka til suksessen er nok det målretta arbeidet Ulstein kommune har bak seg gjennom prosjektet Teknologiskulen, som har gitt elevane og lærarane ei god plattform for undervisning ved hjelp av digitale verkty. Ulstein kommune var forøvrig ein av finalistane til den nasjonale innovasjonsprisen i 2019 for dette arbeidet.

Heiltidskulturprosjektet: Sone 3 i helse og omsorg og Ulsteinvik barneskule har vore pilotane i læringsnettverket for heiltidskultur som Ulstein kommune har delteke i. Det er KS som har stått i bresjen for prosjektet saman med arbeidstakarorganisasjonane. Heiltidskultur er rekna som eit av dei viktigaste tiltaka for å sikre likestilling, berekraft og kvalitet i tenestene, men er samtidig eit svært krevjande arbeid.

Omsorgsetaten sone 3 har i prosjektperioden jobba systematisk med kulturbygging der målet har vore at leiarar, tilsette og tillitsvalte fullt ut skal forstå kvifor det er viktig å etablere ein heiltidskultur. Det er gjort eit grundig arbeid med å avklare status og behov. Dette resulterte i eit tiltak med oppstart av frivillige langvakter/langturnus. Oppslutninga har vore svært god, og mange har vore villege til å prøve. Over halvparten av dei tilsette vart med vidare etter prøveperioden var over og det resulterte i at totalt 11 tilsette fekk stillingsauke og brukarane fekk ein betre kontuinitet i tenesta.

Som pilot i heiltidskulturprosjektet, har Ulsteinvik barneskule ved leiinga, tillitsvalte og tilsette, gjort eit unikt arbeid med kulturbygging i skulen. Dei har gjort dette til eit prosjekt som har fokus på kvalitet, brukaren og kvalitetskultur i skulen. Så vidt vi veit, er dette einaste skulen i landet som har jobba så grundig med å sjå på samanhengane mellom kontinuitet, stabilitet og kvalitet i skulen. Dette har vakt nasjonal interesse som har gjort at Ulstein har blitt invitert til å dele erfaringar i fagmiljø, andre kommunar og i nasjonale konferansar. Ulsteinvik barneskule har vist at heiltidskultur handlar om mykje meir enn turnusplanlegging og deltidsstillingar i helse og omsorgsetaten.