- Dekk aldri til eit ulmande bål med sand

- Dekk aldri til eit ulmande bål med sand

Bålkos på stranda. Pixabay Ein fin sommarkveld på stranda med saltvatn i håret, eit blussande bål og grilla marshmallows. Men kva gjer du med bålet når du forlet stranda?

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

- Du må gjerne tenne mindre bål i strandkanten der det ikkje veks vegetasjon. Dei same reglane gjeld for bålpanne og grill, seier branningeniør Live Gandborg i Hareid og Ulstein brannvesen.

- Men dekk aldri til eit ulmande bål med sand. Glørne er varme i lang tid under sanden. Strandgjester som kjem etterpå kan brenne seg dersom dei trakkar på den varme sanden.

Oppmodinga er difor klar: Kos deg med bålet, men sørg for at det er forsvarleg sløkt med vatn før du forlet stranda.

Her kan du lese Forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar i Ulstein.